Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Rettleiar 

Nav Bergen sentrum  

Møllendalsveien 6, 5009 BERGEN
Engasjement
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Ønsker du å bidra på eit svært viktig samfunnsområde?

I NAV i Bergen er vi opptatt av kontinuerleg tenesteutvikling til beste for brukarane våre. Vi ser etter deg som liker ein variert og hektisk arbeidskvardag og som trivst med å jobbe i team. Hos oss blir du tilsett i eit innovativt fagmiljø prega av kompetanse og du får ein spennande jobb i eit inkluderande arbeidsmiljø. 

I region Bergen har vi oppretta ei mellombels avdeling for handsaming av søknader om arbeidsavklaringspengar, journalføring av saker, klagesaksbehandling m.m. Avdelinga skal behandle saker på vegne av fem NAV-kontor i Bergen. Avdelinga har 14 medarbeidarar og kontorstad på NAV Årstad. 

Vi har no to midlertidige stillingar ledig frå 1. september. Varigheita er ut 2024, og det er mogelegheit for forlenging. 


Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsame i NAV sine fagsystem etter gjeldande lovverk
  • Kartlegging av den enkelte brukar sine ressursar og moglegheiter
  • Kontakt med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
  • Delta i utviklingsarbeid ved behov
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillingane

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • gode norskkunnskapar
  • erfaring med å bruke digitale verktøy

Det er ønskeleg at du har:

  • erfaring frå sakshandsaming
  • erfaring frå arbeid med menneske og rettleiing 

Vi ser etter deg som

  • Er trygg og kan handtere ein variert og hektisk arbeidskvardag
  • Har god arbeidskapasitet og evne til å handsame eit breitt ansvarsområde 
  • Er sjølvstendig, effektiv og arbeider systematisk og heilskapleg
  • Er omstillingsdyktig og handterar nye arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde
  • Eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
  • Fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida
  • Løn i stillingskode 1434 rettleiar i lønsspenn frå kr. 557 100 til kr. 594 500 (tilsvarande ltr. 57 - 61 per år). For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Anne May Haugsvær, Avdelingsleiar, 92652713
Håvard Berentsen, Avdelingsleiar, 92026923

Arbeidsstad

Møllendalsveien 6
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4825468503
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 04.08.2024