Lignende stillinger
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkomen som søkjar til mellombels stilling som universitetslektor (kode 1009) i Språkkunnskap ved Det humanistiske fakultet for perioden 20. august – 31. desember 2025, eller så nær dette tidsrom som mogleg. Det er i utgangspunktet ledig 100 % stilling, men det er mogeleg å dele i to 50 % stillingar dersom den som blir tilsett berre ønsker 50 % stilling.
Om Det humanistiske fakultet og Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
Det humanistiske fakultetet har sju einingar: fire institutt, to sentre og fakultetsadministrasjonen. Emnet Språkkunnskap blir administrert av Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, og den/dei som blir tilsett får sin arbeidsplass ved dette instituttet.
Les meir om Språkkunnskap.
Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt og senter.
Undervisning, rettleiing og sensurarbeid i emnet Språkkunnskap, som er eit innføringsemne i grunnleggjande lingvistikk og fonetikk for førstesemesterstudentar. Undervisninga vil gå føre seg som seminarundervisning i grupper med ca. 25 studentar, med eitt seminar per veke gjennom semesteret.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd i vurderinga.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere å tilsetje kandidat(ar) med bachelorgrad i lingvistikk eller anna språkfag. Den/dei blir då tilsett som universitetslærar (kode 1007).
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.
Den som blir tilsett må retta seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Vi gjer merksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju medio august.
Følg denne lenka for meir informasjon om tilsetjingsprosessen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Steinar Thunestvedt på e-post [email protected] eller til instituttleiar Steinar Bøyum på e-post [email protected].
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: [email protected].
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Søknadsfrist: 04.08.2025.
UiB-id: 25/8356.