Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Vikariat - rådgjevar

NPI - Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune

Storehagen 1B, 6800 SUNNFJORD
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

 

Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar, der ein tilpassar infrastruktur til eit klima i endring, reduserer utslepp og tek vare på naturmangfald. Avdeling for infrastruktur og veg arbeider for trygge kvardagsvegar. Vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Kvardagsvegane er viktige vegar som bind menneske og lokalsamfunn saman.

Vi har no eit ledig vikariat då ein av våre medarbeidarar skal inn i ei 3-årig prosjektstilling i ei anna avdeling i fylkeskommunen. Stillinga vert lagt til seksjonen Berekraft som er ein del av avdeling for Vegforvaltning.

Vi søker ein motivert, fleksibel og sjølvstendig kollega som kan bidra inn i arbeidet med berekraftige og trygge kvardagvegar i Vestland.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra inn i klima, miljø og berekraftsarbeidet på avdelinga
  • Støtte vegprosjekta på avdelinga med klima og miljøkrav i ulike fasar (reguleringsplan, anskaffing, utbygging, drift og vedlikehald)
  • Skrive politiske saker
  • Utarbeide faglege kunnskapsgrunnlag og strategiar
  • Vere i dialog med andre avdelingar i VLFK, andre fylkeskommunar, vegeigarar og forskingsmiljø
  • Bidra inn i arbeidet med å søke om, og følgje opp tilskotsmidlar til blant anna forsking og utvikling for fylkesvegane

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, for eksempel mastergrad innan klima og miljø, samfunnsfag, ingeniør eller tilsvarande

Det er ønskjeleg med kjennskap eller erfaring med arbeid med følgjande fagområder:

  • klima- og miljøkrav i anskaffingar
  • veg og/eller samferdsel
  • offentelg forvaltning
  • utarbeiding av politiske saker

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega med høge etiske standardar og som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode. Du trivst med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer. Stillinga krev samfunnsinteresse og sterke analytiske evner. Det er viktig at du er ein god formidlar, både munnleg og skriftleg, og kan bruke digitale flater. Vi ønskjer at du er initiativrik, har pågangsmot og gjennomføringskraft.

Vil du vite meir om stillinga er du velkommen til å ta kontakt med leiar Jorunn-Elisabeth Stavø på telefon 91158773 eller på e-post [email protected]

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
  • Engasjerande og sterkt fagmiljø.
  • Fagsamlingar og sosiale arrangement.
  • Fleksibel arbeidstid og sommartid.
  • Mogelegheit for heimekontor etter avtale.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn etter avtale.

 

Anna informasjon

  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vikariatet har ein varigheit frå tilsetjingsdato og fram til og med 31.mars 2028.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
  • Stillingstittel vert tilpassa utdanningsnivå og erfaring.
  • Arbeidsstad kan vere Bergen, Leikanger eller Førde.

Kontaktinformasjon

Jorunn-Elisabeth Stavø, Seksjonsleiar, 91158773, [email protected]

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4955937173
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 11.05.2025