Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sjukepleiar/vernepleiar - psykosepost

Allmennpsykiatrisk sengepost, Haugaland DPS

Floravegen 75, 5535 HAUGESUND
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ynskjer ein meiningsfull jobb med varierte arbeidsoppgåver?

Vi har ledig 100 % fast stilling på psykoseposten ved vår lokasjon i Haugesund.

Hos oss er det 19 sengeplassar fordelt på to psykoseavdelingar, og du blir ein del av eit sterkt fagleg team med overlege i psykiatri, psykologspesialist og legar under utdanning. Du vil også jobbe saman med erfarne høgskuleutdanna medarbeidarar og helsefagarbeidarar med vidareutdanning.

Miljøterapeutisk arbeid står sentralt i døgnbehandlinga, og vi tilbyr blant anna psykoedukasjon i grupper, turgrupper og fleire andre fellesaktivitetar.

Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus og dekkjer kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Våre avdelingar ligg sentralt i Haugesund og på Karmøy.

Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no og bli med på laget vårt! 🙌


Arbeidsoppgåver

  • Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet, du vil derfor få ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande
  • Nært samarbeid med aktuelle eksterne instansar
  • Opplæring og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning innen rus/psykiatri men relevant erfaring kan vektleggas
  •  Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskaper og relevant erfaring blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeidar godt både sjølvstendig og i team
  • beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Martha-Christin Pedersen, Konsulent, 95062638
Katrine Holgersen Warvik, Funksjonsleiar, +47 90766635

Arbeidsstad

Floravegen 75
5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4912574145
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2025