Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Fastlegeheimel og fastlegevikariat ledig i Giske kommune 

Barn, familie og helse, Giske kommune

Ytterland 1, 6050 GISKE
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 800. Oppstart frå 01.05.2025 eller etter avtale.

I tillegg har vi ledig vikariat for fastlege med listestorleik 625. Vikariatet er ledig frå 3. februar til 9. november 2025. Det kan også vere aktuelt å inngå avtale om vikariat for delar av perioden.

Oppgi i søknaden om du er aktuell for begge stillingane, eller kun den eine. 

Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.

Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett dagleg leiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av eit kommunalt eigd aksjeselskap, Giske kommunale legesenter AS. Legen inngår leigeavtale med driftsselskapet.

Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til nokon av desse fastlegeheimlane.

Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Kvinnelege legar blir oppfordra til å søkje.


Arbeidsoppgåver

  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.

 

Andre opplysningar:

  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø
  • God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar

Kontaktinformasjon

Anne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, +47 93462221

Arbeidsstad

Ytterland 1
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4878056143
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 03.02.2025
Sluttdato: 09.11.2025
Søknadsfrist: 14.11.2024