Vi har behov for å komme i kontakt med rause familiar eller personar som ønske å hjelpe andre familiar som treng avlasting frå omsorgsoppgåver sine. Du/de har ekstra overskot, omsorg og motivasjon til å ta imot eit besøksbarn ei helg (2 døgn) i månaden + ei ferieveke pr. år i eigen heim eller med timebasert avlasting utan overnatting
- Gut 8 år. 2 døgn /md + 5 døgn til ferie
- Gut 6 år. 32 timer per månad. Fordelt på 2 avlastar a 16 timer i månaden kvar. Har behov for fysisk aktivitet og faste rammer.
Merk!
I periodar er behovet for godkjente avlastar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige avlastarar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same.
Arbeidsoppgåver
- Avlastar i eigen heim
- Individuell tilrettelegging for aktuelt barn
- Oftast ei helg per månad, i nokre høve i feriar og vekedagar
Kvalifikasjonar
- Politiattest vert kravd
- 2 referansar
- Ein må kunne binda seg til minimum eit år
- Sertifikat og bil
Personlege eigenskapar
- De er omsorgsfulle og fleksible samarbeidsevner
- Erfaring og kjennskap til barn med særskilte bistandsbehov
- De er pålitelege, tolmodige og strukturerte
Vi tilbyr
- Deltidsstilling
- Fast tilsetting, løn og godtgjering etter KS sin særavtale SGS 1030
- Opplæring og oppfølging vil bli gitt.
Kontaktinformasjon
Johanne Helene Grutle Haara, +47 90207778
Arbeidsstad
Olav Hålandsveg 8
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4864429326
Stillingsprosent: 22,3, 9,8%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2024