Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Avdelingsleiar Manger skule

Alver kommune

Fyllingsnesvegen 350, 5913 ALVER
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Frå 01.08.2025 har me ledig avdelingsleiarstilling ved Manger skule. Saman med ny rektor, og ein annan avdelingsleiar og SFO leiar  vil du utgjere leiarteamet ved skulen. Stillinga er 100% fast, og inneheld både administrative oppgåver og undervisning.


Om Manger skule

Manger barneskule ligg i nærområdet til distriktssenteret på Manger på Radøy. Ein 1 - 7 skule med ca.200 elevar. Me har eit godt profesjons fellesskap på skulen, og me er i gong med eit utviklingsprosjekt innanfor språk, lesing og skriving i samarbeid med andre skular i Alver kommune. 

Me jobbar aktivt på skulen med skulemiljø slik at våre elevar har ein trygg og god skulekvardag.


Arbeidsoppgåver

Ønskjer du å arbeide med skuleleiing i eit triveleg og inspirerande arbeidsmiljø?

Du vil vere med på å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team, vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.

Vi leitar etter deg, som kan tenkje deg varierte dagar, der du mellom anna:

  • er del av leiargruppa ved skulen
  • er aktivt med i utviklingsarbeid
  • har undervisning
  • har oppfølging av elevsaker og samarbeid med føresette
  • har ulike administrative oppgåver
  • stilling kan få  personalansvar for deler av tilsettgruppa

Kven er du?

  • Vi ser etter ein avdelingsleiar med godkjent lærarutdanning og sterke faglege og didaktiske kunnskapar.
  • Du er ein tydeleg og strukturert person, som møter både elevar, føresette og tilsette på ein god måte.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, og kunne uttrykkje seg godt, både skriftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel om du har god kompetanse på IKT.
  • Det er ønskjeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring.

Personlege eigenskapar:

  • Vi verdset eigenskapar som godt humør, og evne til å byggje gode relasjonar til både born og vaksne. 
  • Fleksibilitet,  samarbeidsevne og syn for gode løysingar er viktige eigenskapar for å trivast på skulen.
  • Du leverer god kvalitet på arbeidet enten det er i klasserommet eller i dei administrative oppgåvene. 
  • Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først.

Er du målretta, initiativrik og har eit sterkt engasjement for skuleutvikling? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


Me tilbyr

  • Eit fagleg dyktig kollegium
  • Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
  • Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
  • Leiaropplæring
  • Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede