Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Turistvert/omvisar i Seljord kyrkje

Seljord Sokn

Brøløsvegen 84, 3840 SELJORD
Sesong
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi søkjer etter turistvert/omvisar til Seljord kyrkje i perioden 30. juni - 01. august 2025.

Kyrkja vil vere open kvar dag frå kl. 11.00-17.00, med unnatak av kyrkjelege handlingar (vigslar og gravferd).

Vi søkjer etter deg som anten har kjennskap til, eller er villig til å lære, historia til kyrkja og formidle den til dei som kjem på besøk i løpet av sommaren.

Vi søkjer etter deg som:

  • Er utadvendt og imøtekommande

  • Har evne til å formidle godt både på norsk og engelsk

  • Har evne til å jobbe sjølvstendig

  • Er interessert i historie og lokalkultur

Arbeidsoppgåver:

  • Omvisning/guiding i kyrkja for turistar/besøkande

  • Svare på eventuelle spørsmål frå turistar/besøkande

  • Vakthald i kyrkja, herunder brannvakt

  • Føre statistikk over besøk

  • Reinhald og andre praktiske oppgåver

Det kan vere aktuelt å dele stillinga på fleire søkjarar, om det er ønskjeleg å jobbe delar av perioden.

Opplæring vil bli gitt.

Søkjarar må vere fylt 16 år.

Søknad kan sendast via "superrask søknad" eller til: Seljord sokn, Brøløsvegen 13A, 3840 SELJORD, eller på e-post til: [email protected]. Søknadar blir vurdert fortløpande. Hugs å skrive i søknaden om du søkjer på heile eller delar av perioden, i så fall kva for veker.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Kyrkjeverje Petter Jakobsen, tlf.: 909 51 409 eller e-post: [email protected]