Vil du arbeide som sjukepleiar i Fjord kommune?
Valldal sjukeheimn har ledig faste stillingar og vi har også eit vikariat om du kun har lyst til å teste ut det med å arbeide og bo i kommunen.
Alle stillingane er arbeid dag og kveld - kan vere langvakter med arbeid kvar 4 helg
Vi har følgjande behov:
- Inntil 200 % vikariat (foreldrepermisjon) på Valldal sjukeheim med oppstart
- Vikariat #1 er ledig frå 01.09.25 til 31.12.25
- Vikariat #2 er ledig frå 01.09.25 til 15.08.26
Vi vil ha ein sjukepleiar som ynskjer og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team, med gode samarbeidsevner og kan ivareta alle sjukepleiefaglege oppgåver. Valldal sjukeheim er sentralt plassert i Valldal sentrum og institusjon og heimetesta er samlokalisert i same bygg.
I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Stordal, Eidsdal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Fjord kommune si plassering på Sunnmøre, er tilgjengleg med 1 times køyretur frå Ålesund sentrum, og 55 minutter frå Moa-området, til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.
For meir informasjon kring bygdelag i Fjord kommune, sjå:
Valldal - The Adventure Valley - Fjord Norway
Opplev Fjord i Fjord kommune
For meir informasjon om Sunnmøresregionen, sjå:
Ålesund og Sunnmøre - der fjell og fjord møter hav (visitnorway.no)
Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen heile året igjennom.
Fjord kommune har eit godt sjukepleiefagleg miljø, og har hatt god sjukepleiekompetanse, sjå omtale: I Fjord kommune klarer de å følge planlagt turnus
Arbeidsoppgåver
- Delta i avdelingens daglige arbeid, ta del i stell og observasjoner ved behov og utøve god omsorg for pasientene.
- Utføre sykepleiefaglige oppgaver og holde seg faglig oppdatert.
- Primærsykepleier og sekundærsykepleier for tildelte pasienter.
- Delta i legevisitt, følge opp og iverksette tiltak mot pasientene.
- Konsultere lege ved behov og påse at legens ordinasjoner utføres.
- Dokumentere og gjennomføre e-meldingsutveksling i Helseplatformen.
- Bidra til kompetanseheving i personalgruppen ved å dele kunnskap.
- Bidra til et godt samarbeid med sykepleierteamet og kolleger.
- Bidra til god drift.
- Medvirke til systematisk HMS arbeid.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
- Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
- Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
- Politiattest må leggjast fram ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
- Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
- Har interesse for geriatri og som aktiv og omsorgsfullt bidrar til at våre beboere får ein trygg og god kvardag
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivlege arbeidskollegaer
- Godt og trygt arbeidsmiljø med fokus på meistring og kollegastøtte.
- Lønn etter avtale.
- Garantilønn lik 10 års ansiennitet for stillinger med krav om 3-årig U/H-utdanning (kr .
- Sjukepleiar med 16 års ansiennitet eller meir får 10 000 kr i tillegg på garantilønn.
- Gode pensjons- og forsikringsordingar gjennom KLP
- ca. 16% der 2 % trekkast frå lønn
- Sletting av studielån ved å vere folkeregistrert i kommunen vår - les meir HER
- Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.
Kontaktinformasjon
Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, +47 41867970
Arbeidsstad
Olavsgata 34
6210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5000612080
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025