Lignende stillinger
Senteret har tilsett to årsverk som arbeidskonsulent/sosionom. Vi søkjer no etter sosionom i 100 % fast stilling.
Du må ha 3- årig sosialfagleg utdanning på høgskule- universitetsnivå
Det er eit ønske at søkar har god oversikt over velferdsordningar, arbeidsmarknaden samt moglegheitene i frivillig sektor. Arbeidserfaring frå desse områda vil vere ein fordel.
Kompetanse innan kognitiv terapi, motiverande intervju eller tilsvarande er ynskjeleg.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Vere ressursorientert og ha tru på at alle kan delta i kvardags -og arbeidsliv til tross for helseplager
Vere imøtekomande og løysingsorientert i møtet med pasientar, kollegaer og samarbeidspartar
Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere systematisk og ha gode samarbeidsevner
God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Det er krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Deltaking i tverrfagleg samhandling kring pasientar
Kartlegging og vurdering av psykososiale faktorar som har betydning for pasienten sin rehabiliteringsprosess og målsetting
Informere og rettleie pasient om aktuelle trygderettar
Rådgjeving i høve arbeid, utdanning, økonomi og bustad
Informere om stønadar, offentlege og private hjelpeinstansar, og bistå i eventuelt arbeid med søknader
Engasjere, motivere og støtte pasient til aktiv deltaking i eigen endringsprosess
Gjennomføre gruppeundervisning i relevante tema
Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar
Varierte arbeidsoppgåver
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode velferds-, pensjon- og forsikringsordningar