Lignende stillinger
Helse Vest IKT sit med eit av dei mest komplekse IT-puslespela i Noreg. Behov, utvikling og bruk av konteinar-teknologi aukar i rekordfart, og difor ønsker vi oss no entusiastiske kollegaer som vil utvikle kompetansen sin i Kubernetes-teamet vårt.
Teamet ligg i tenesteområdet Privat sky, og stillinga høyrer til seksjonen Server og lagring. Tenesteområdet har ansvar for alt av on-prem-løysingar og består av fleire ulike plattform-team, som jobbar med alt frå innhald i datahallar til konteinarar. Det software-definerte datasenteret vårt er for tida basert på VMware-teknologi (vCloud Foundation). Ved sida av dette har vi òg fleire fullskala Kubernetes-cluster som er bygd saman med VMware-porteføljen i datasentera våre.
Team Kubernetes er eit team på fire personar som forvaltar og utviklar alt av Kubernetes-plattforma i infrastrukturen vår.
Vi har i dag over 2500 ulike konteinarar, og vi ser for oss ein valdsam vekst i denne teknologien i åra som kjem. I plattforma vår har vi mange tenester i produksjon, der ein del av dei er eigenutvikla. Vi trur at Kubernetes kjem til å endre måten vi tenker på, både no og i framtida. Ivrar du etter å lære meir om konteinarar, Kubernetes og backend-utvikling? Då er denne stillinga skreddarsydd til nettopp deg!
Hos oss vil du kunne utvikle deg personleg og fagleg, og jobbe med spennande oppgåver i ein av dei største og mest komplekse IT-infrastrukturane i Noreg. Produkta vi brukar er frå øvste hylle.
Arbeidsstad er i Bergen.
I denne stillinga er det ein fordel om du har erfaring med:
Viss fleire av punkta ovanfor høyrest ut som noko som kunne passe for deg, håpar vi at du sender oss ein søknad og tek kontakt med oss snarast!
Som person ønskjer vi at du er ein som:
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.