Lignende stillinger
Vil du vere med på laget? Vi tilbyr helgestilling med langvakter.
Bukollektiva, Sloghaugvegen 28, har ledige helgestillinger med langvakter for deg som ønsker å arbeide kvar 3. helg. Vaktene er på 12,5 timer med innlagte pauser. Stillingsstorleik ca 29 % med ei kort kveldsvakt fredag før arbeidshelg. Søkarar som kun kan arbeide lørdag og søndag er og velkomen som søkar. Tidsavgrensa arbeidsavtale med moglegheit for fast tilsetting for personer med relevant fagkompetanse.
Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelinger med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar.
Velkomen som søkar!
Vi søker ein positiv, påliteleg og engasjert kollega som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du er interessert i eldreomsorg og ønsker å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert.
Maria Nordbø Solevåg, Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, [email protected]
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, [email protected]
Sloghaugvegen 28
6030 Langevåg
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 4856439435
Stillingsprosent: 29%
Vikar
Søknadsfrist: 22.09.2024