Lignende stillinger
Ved Nord universitet, Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, studiestad Nesna, er det ledig eit 1-årig vikariat som universitetslektor i norsk/ norskdidaktikk frå 1. august 2025. Stillinga er knytt til utdannings- og forskingsmiljøet ved Nesna.
Stillinga har kontorstad Nesna. Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestadar, så ulike former for samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet er viktig, uansett geografisk plassering.
Stillinga kan også innebere arbeidsoppgåver ved Nord universitet sine andre studiestadar.
Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning, praksisoppfølging og rettleiing av bacheloroppgåver på barnehagelærarutdanning, samt FoU-oppgåver og masteroppgåver i grunnskulelærarutdanning. Stillinga er knytt til undervisning på bachelor- og masternivå i norskfaglege emne innan litteratur- og språkdidaktikk.
Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid er sentrale ved fakultetet, difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
Det ventast at den som blir tilsett, tar del i og bidreg i utviklinga av fagmiljøet i norsk ved fakultetet, saman med kollegaer.
For å innfri kvalifikasjonskrava til universitetslektor krevs minst:
relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Søkjarar må dokumentere at dei har grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Nord universitet har eigne vilkår for utdanningsfagleg kompetanse, sjå meir informasjon på Nords nettsider.
Tilsetjing i midlertidige stillingar opnar for å påleggje gjennomføring av utdanningsfaglege kurs av mindre omfang. Følgjande minimumskrav gjeld for midlertidige stillingar: Alle som skal undervise og /eller rettleie må minimum gjennomføre dagskurs i utdanningsfagleg kompetanse, før dei kan undervise og rettleie studentar ved Nord universitet.
Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale.
Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV'en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke.
Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.
Nærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.
Søknad sendast elektronisk innan 01.06.2025.
Den elektroniske søknaden skal innehalde:
All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.
Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.
Referanse: 30236197