Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sommarvikariat legar/ medisinstudentar 2025

Helse Bergen HF

Haukelandsveien 22, 5009 BERGEN
Feriejobb
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.

Sommaren 2025 treng vi dyktige og engasjerte legar/medisinstudentar med lisens til sommarvikariat ved ei rekke avdelingar og einingar ved sjukehuset. Vikariata vil ha varigheit frå 4-10 veker. For å gjere det enklare for deg som søkar har vi felles rekruttering til avdelingane.

Du må oppgje øverst i søknaden kor du ønsker å jobbe, i prioritert rekkefølge (inntil 3 avdelingar).

Du må skrive i søknaden i kva periode du kan jobbe. Kandidatar som kan jobbe samanhengande og i lengre periodar vil ha fortrinn.

Periode: veke 25 - 35

Det er ledig vikariat ved desse avdelingane:

Rusmedisin:

  • Avdeling for rusmedisin -  6 vikariat

Psykiatri: 

  • Psykiatrisk klinikk - 14 vikariat
  • Øyane distriktspsykiatriske senter - 3 vikariat
  • Kronstad distriktspsykiatriske senter (psykose døgn og allmenn døgn) - 2 vikariat
  • Bjørgvin distriktspsykiatriske senter - 3 vikariat

Voss sjukehus:

  • Voss sjukehus - 4 vikariat

Somatikk: 

  • Augeavdelinga - 3 vikariat
  • Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk - 10 vikariat
  • Hjarteavdelinga - 4 vikariat
  • Hudavdelinga - 1 vikariat
  • Kirurgisk klinikk - 4 vikariat fordelt på: 2 Avdeling for urologi, 2 Plastikkirurgisk og 1 Avdeling for karkirurgi
  • Klinikk for hovud-hals - 1 vikariat
  • Lungeavdelinga - 4 vikariat
  • Mottaksklinikken - 6 vikariat
  • Nevrologisk avdeling - 4 vikariat
  • Nevrokirugisk avdeling - 4 vikariat
  • Skadepoliklinikken, Bergen Helsehus - 10 vikariat
  • Medisinsk klinikk, Infeksjon - 2 vikariat

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
  • Det er ein fordel med relevant klinisk erfaring
  • Bør ha interesse og/eller kjennskap til fagfeltet (legg ved evt. dokumentasjon)
  • Ha kunnskap om DIPS og andre fagsystem
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Er god til å samarbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Er målretta, og får oppgåvene gjort

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4897087125
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.01.2025