Er du dyktig på Azure, og vil du vere med på vidareutvikling av dei skybaserte tenestene til ein av dei største fylkeskommunane? Vi ser etter ein sjølvstendig og proaktiv person med lidenskap for skyløysingar.
Seksjon IKT jobbar etter ein hybrid skystrategi og har ansvar for drift av dei fleste IKT-system som vert nytta i Vestland fylkesommune, samt infrastruktur som knyter saman alle lokasjonane. Det er meir enn 150 ulike IKT system og brukarar spreidd på fleire titals lokasjonar i fylket.
Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT systema og all IKT-infrastruktur, og sikre at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring i tillegg til at dei understøttar brukarane og verksemda sitt behov. Seksjonen har totalt 80 medarbeidarar i tillegg til IKT-lærlingar, og er organisert i fire faggrupper; service, tenesteleveranse, systemdrift og kjernedrift.
Arbeidsoppgåver
- Drift, forvaltning og utvikling av Azure portefølje (til dømes identitetsstyring via Entra ID, oppsett av applikasjonar og design av nye tenester, grenseflate mot Microsoft 365, lagrings- og compute-løysingar i Azure)
- Vere sentral i den strategiske utviklinga av Azure- og vitualiseringsplattformane våre slik at dei passar inn i den hybride skystrategien til Vestland fylkeskommune
- Bidra til kulturbygging rundt infrastruktur som kode scripting og automatisering
- Delta i aktuelle fagteam i grenseflata mot til dømes klient, M365, sikkerheit og prosjektgrupper
- Bidra rundt etablering av heilheitlege overvakingsløysingar
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
- Ingeniør-/bachelorutdanning innan IKT-faga. Lang og relevant erfaring kan kompansere for utdanningskrav
Det er ein fordel med:
- Erfaring frå arbeid med operasjonell og teknisk sikkerheit
- Erfaring frå arbeid med større drifts miljø
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
- Gode samarbeidseigenskapar og ynskje om å understøtte ein delingskultur
- Positiv innstilling, flink til å kommunisere og flink i dialogen med menneske
- Vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering og fornying
- Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Du vil få fagleg utvikling og varierte oppgåver, og vere del av eit kompetent og fagleg miljø som har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane og tilsette i Vestland fylkeskommune
- Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement
- Stillingsnemning ingeniør/rådgjevar/spesialkonsulent fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og erfaring
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikring- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø
Verdt å merke seg
Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.
Arbeidsplass på Leikanger eller i Bergen.
Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Kontaktinformasjon
Espen Storetvedt, leiar, 93092559
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4844282346
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2024