Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 søkjer no ein skipsførar til sambandet Hufthamar - Krokeide, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Horgefjord. Selskapet dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Kvifor velje oss?
- Variert og spennande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Gode velferdsordningar: Moglegheit for å leige hytter/leiligheter, samt gode rabattordningar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Fri kvar lørdag, med moglegheit til å reise heim i helger.
Distansen mellom Bergen-Krokeide er omtrent 25 min!
Arbeidsoppgåver
- Sikkerheitsstyring
- Energileiing
- Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
- Ansvarleg for personleg tryggleik
- Ansvarleg for miljømessig tryggleik
- Skipsførar er leiar om bord
- Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- D1-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
Vi søker ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Audun Kåre Bergesen, Operativ leiar, 90560190
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 479 95 295,
[email protected]
Arbeidsstad
Fv546 20
5392 Storebø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4956403313
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025