Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Sommarvikariat for pleieassistentar ved Somatiske avdelingar

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF

Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus, og vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.

Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar som kan bidra i vårt arbeid.
Vi har ledige sommarvikariat  på fleire avdelingar, og vi søker kandidatar som er under helsefagleg utdanning. 
Her vil du få verdifull erfaring, og mogelegheit til å gjere ein forskjell.

Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. ​Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

Du må kunne jobbe i arbeidsperioden veke 25-33. Kandidatar som kan jobbe samanhengande i 6-8 veker vil ha fortrinn.   

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju  fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorg til pasientar
  • Klargjering av pasientar til ulike prosedyrar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
  • Klargjering og servering av måltid
  • Observasjonar og målinga

Kvalifikasjonar

  • Vere under helsefagleg utdanning
  • For stillingar innan somatiske einingar må ein ha 400 timar pleieerfaring
  • Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande

    Personlege eigenskapar

    • Er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
    • Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
    • Har gode samarbeidsevner og godt humør
    • Det blir lagt vekt på at ein er personleg eigna

    Vi tilbyr deg:

    • Introduksjon og opplæringsdagar
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 4956212249
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 04.05.2025