Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Systemforvalter adgangskontroll, innbrotsalarm og kameraovervaking

Næring, plan og innovasjon - Stab, Vestland fylkeskommune

Lars Hilles gate 22, 5008 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Ved Eigedomsavdelinga sin fagstab for drift og vedlikehald er det for tida behov for ein dyktig medarbeidar med bakgrunn innan adgangskontroll, innbrotsalarm og kameraovervaking. Du vil jobba i eit team på 4 - 5 personar med tverrfagleg bakgrunn. Arbeidsdagen vil vera variert, utfordrande og vanskeleg å planleggja. Men viktigast av alt, du vil ha det gøy på jobb. Kontorstad blir Bergen. 

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette over heile fylket. Vestland fylkeskommune har administrasjonsstader ved Bergen, Førde og Leikanger.


Arbeidsoppgåver

  • Oppretthalde verdiane på dei tekniske installasjonane som adgangskontroll, innbrotsalarm og kameraovervaking.
  • Lås og beslag, heis, brannvarsling og talevarsling kan vera oppgaver som kan tilkomma.
  • Leia arbeidet med å sentralisera og optimalisera dei tekniske installasjonane.
  • Oppfølging av regelverk (GDPR mm)
  • Utbedre mindre feil og mangler
  • Bistand og opplæring til driftsleiarar
  • Gjennomføre mindre prosjekt på eiga initiativ eller i samarbeid med andre fagdisipliner.
  • Representere drift i bygge- og rehabiliteringsprosjekter.
  • Ansvar for budsjett og framdrift i eigne prosjekt.
  • Delta i revisjon av avdelinga sine tekniske kravspesifikasjonar.
  • Utarbeide grunnlag for offentlige innkjøp.
  • Andre oppgåver kan komma.

Det må påregnes noe reising i fylkeskommunen

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev eller dokumentert erfaring innen adgangskontroll.
  • Erfaring med en eller flere av følgende system vil telle positivt (Salto, Linell Onguard, Arx)
  • Forståing for sentral driftskontroll av nevnte system.
  • Forståing for datatekniske nettverk og IKT.
  • Har førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du har god norsk munnleg framstillingsevne.
  • Har høg arbeidsmoral.
  • Kan jobba sjølvstendig.
  • Er kreativ og løysingsorientert.
  • Interessert i å læra nye ting kvar dag.
  • Samarbeider godt med andre.
  • Har ei praktisk tilnærming til oppgåvene knytta til teknisk støtte.
  • Du må ikkje vera redd for å bli møkkete på henda.

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver i eit tverrfagleg miljø.
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Gode offentlege pensjonsordningar.
  • Tilgang til gode treningsfasilitetar.
  • Trygg arbeidsplass hos ein solid arbeidsgivar.
  • Fleksibel arbeidstid med fridom under ansvar.
  • Moglegheit for heimekontor.
  • Lønn etter avtale.

Kontaktinformasjon

Frode Pettersen, leiar, 93459389

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4884326499
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025