Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Klinikkledar Porsgrunn tannklinikk, 100% fast stilling

Den offentlege tannhelsetenesta i Telemark Fylkeskommune

C. E. Berg-Hanssens gate 20, 3917 PORSGRUNN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Seksjon tannhelse søker etter ein stødig og trygg ledar som kan halde fram utviklingsarbeidet ved Porsgrunn tannklinikk!

Me ser etter ein solid ledar som har kompetanse til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø med fokus på nærværsarbeid. Du er ein ledar som kan bygge opp tillit og relasjonar, og som har god kompetanse i medarbeideroppfølging.

Dette er ei variert og spennande stilling der du som ledar har eit stort handlingsrom til å jobbe med utvikling av klinikken.

Som klinikkledar rapporterar du til fylkestannlegen og sit i fylkestannlegen si ledargruppe.  Du vil difor ha ei sentral rolle i utviklinga av den offentlege tannhelsetenesta i Telemark fylkeskommune.



Arbeidsoppgåver

  • Driftsansvar
  • Mål, budsjett og resultatansvar
  • Personalansvar, inkludert rekruttering og bemanning
  • Sikre godt behandlingstilbod til alle grupper pasientar
  • Overordna fagleg ansvar
  • HMS ansvarleg for klinikken
  • Samhandle internt med eigen organisasjon, tillitsvalde, vernetenesta og andre eksterne samarbeidspartnarar, som bl.anna kommunal helse- og omsorgssektor.
  • Stillinga vil (ved kapasitet) kunne kombineras med anten klinisk arbeid eller overordna arbeidsoppgåver for seksjon tannhelse. 
  • Stillinga vil kunne bli tillagt andre arbeidsoppgåver. 

Tidlegare har ledarstillinga vore ei delt ledarstilling mellom Porsgrunn og Stathelle tannklinikk, men klinikkane har behov for at ledar kan følge tett opp og vere fysisk tilstade på begge lokasjonar. Med bakgrunn i dette er det tilsatt ein midlertidig ledar ved Stathelle tannklinikk. Ledarstillinga i Stathelle er i fyrste rekke midlertidig fordi seksjon tannhelse står i ein prosess knytt til vurdering av klinikkstruktur. På sikt er det mogleg at klinikkane går tilbake til å ha ein felles ledar. 

Kvalifikasjonar

  • Krav om relevant utdanning innan helsefag, HR/ledelsesfag og/eller tannhelsefag, med føresetnad om god ledarkompetanse
  • Det er eit krav med ledarerfaring frå tidlegare stillingar
  • Det er ein fordel med tilleggsutdanning innan relevante fagområder (til dømes ledelse, personalhandtering, administrasjon, organisasjonsutvikling, økonomi, lovar og avtaleverk og så vidare)
  • Det er ein fordel om kandidatar som ikkje har tannhelsefagleg kompetanse har erfaring frå drift/ledelse/klinisk arbeid innan helsetenestar
  • Krav om gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
  • God organisasjonsforståing
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å vere ein tydeleg og tilgjengeleg ledar
  • Samvittighetsfull med god gjennomføringsevne

Det vert vektlagt at du er personleg egna til stillinga. 

Me tilbyr

Ei variert og spennande stilling der du som ledar har stort handlingsrom til å jobbe med utvikling av klinikken, både med tanke på arbeidsmiljø og drift. 

I stillinga har du ei sentral rolle i utviklinga av den offentlege tannhelsetenesta i Telemark fylkeskommune.

Du vil jobbe i tett samarbeid med ledargruppa i seksjon tannhelse, og med støttefunksjonar innan HR, økonomi og andre stabsfunksjonar.

I denne stillinga har du rett på ein av Noreg sine sikraste
pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar bare vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no). 

Kontaktinformasjon

Live Lid Breiland, Seksjonsleder, 91740886

Arbeidssted

C. E. Berg-Hanssens gate 20
3917 Porsgrunn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune

Referansenr.: 4986485264
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2025