Lignende stillinger
DPS Ålesund psykiatriske poliklinikk søkjer no ein engasjert og dyktig medarbeidar til vårt ROP-team, i ei 100 % fast stilling.
Som fagkonsulent i ROP teamet vil du i tett samarbeid med teamet utgreie og behandle personar med psykisk liding og samtidig rusliding. Teamet består av ein overlege, to psykologar og to fagkonsulentar. Teamet er eit av DPS poliklinikk Ålesund sine sju team. Her er til dømes fire spissa allmennteam, eitt GBT-team (gruppebehandling) og eit nyleg oppretta Tidleg avklaringsteam.
Har du 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning med klinisk erfaring eller vidareutdanning innan psykisk helse og rus, kan du vere den vi ser etter.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omegn her.
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, [email protected]
Geilebergveien 20
6017 Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4832656489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 12.08.2024