Lignende stillinger
Toftøy skule er lokalisert på øya Toftøy nord i Øygarden kommune. Skulen ligg i naturfine omgjevnader, med idrettsbane like i nærleiken. Reisevegen frå Bergen er ca 35 minuttar. Skuleåret 2024/2025 har skulen 139 elevar og 22 tilsette. Vår visjon er «Å skape tryggleik og læring kvar dag for alle». Skulen har nynorsk som målform.
Stillinga er leding frå 08.04.2025 – 02.12.25
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.