Lignende stillinger
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wSenter for klima og energiomstilling (Centre for Climate and Energy Transformation, CET) er eit tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen, leia frå Det samfunnsvitskaplege fakultet. Målsettinga med senteret er å skape kunnskap om korleis omstille samfunnet på ein berekraftig måte, for å hindre klimaendringar.
Vi søkjer nå ein vikar i stilling som forskingskoordinator, da vår fast tilsette forskingskoordinator skal ut i foreldrepermisjon. Vikariatet lyses ut for 9 månadar med moglegheit for forlenging inntil 3 månadar. Den som får stillinga vil få eit variert og utfordrande arbeid med å generere og starte opp prosjekt, styrke tverrfaglege samarbeid og legge til rette for forsking av høg kvalitet. Dette er ei stilling der både vitskapleg kompetanse og organisatorisk-administrativ erfaring vil komme til nytte.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar, Håvard Haarstad, e-post: [email protected]
Utfyllande informasjon om Senter for klima og energiomstilling (CET)
Klima- og energiomstilling er nå eit av UiB sine tre satsingsområder. Gjennom å opprette CET i 2016 ønskja Det samfunnsvitskaplege fakultet å skape ein ’hub’ for samfunnsvitskapleg og tverrfagleg forsking på omstilling. Senteret foreinar forskarar frå fleire disiplinar, og omfattar prosjekter fokusert på bærekraftig byutvikling, haldningar og meiningsdanning, klimatilpassing, energisystem, og meir. Senteret er administrativt lagt til Institutt for geografi. Mer informasjon finnast på www.uib.no/cet.
Søknad
Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida. Søknaden skal innehalde: Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.
Søknadsfrist: 7. april 2025
Søknaden skal merkast: 25/3707
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjon som ligge føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.
Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.
Om rekruttering i statlege stillingar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.