Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Sjukepleiar til LAR poliklinikk Åsane

Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen HF

Åsamyrane 271, 5131 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved Avdeling for rusmedisin, LAR poliklinikk Åsane

Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer; ambulant og poliklinisk behandling, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ulike typer døgnbehandling - avrusing, stabilisering, medikamentfri behandling og kjønnsdelt behandling. Avdelinga tilbyr også tvang etter HOL. Forutan dei ni kliniske seksjonane har avdelinga ein seksjon for forsking og eit kompetansesenter innan rusfeltet- KoRus, i tillegg til andre utviklings- og forskingsprosjekt integrert i behandlinga. 

Det er ledig 100% fast stilling i Avdeling for rusmedisin (AFR). Kandidatar vil bli tilsett i Avdeling for rusmedisin, pt ved LAR poliklinikk Åsane.   

*  LAR poliklinikk Åsane har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar med oppstart frå snarast. Stillinga er dagarbeid og pt kvar 10. laurdag.

Som sjukepleiar i LAR blir du ein del av eit fagfelt i rivande utvikling. Avdeling for rusmedisin har eigen forskingseksjon med sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet for rusmiddelavhengige. I LAR vil du m.a. få moglegheit til å bidra i forskingsprosjekt knytt til substitusjonsbehandling for menneske med avhengigheit til benzodiazepiner og amfetamin.


Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk oppfølging
  • Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
  • Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
  • Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
  • Legemiddelhandtering
  • Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Førarkort klasse B
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad  

    Personlege eigenskapar

    • Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
    • Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
    • Fleksibel, tåler uforutsigbarheit og evner å prioritere i stressande situasjonar
    • Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
    • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
    • Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
    • Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar

    Vi tilbyr

    • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og eit godt og triveleg arbeidsmiljø
    • Fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)


    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Mariann Erdal, Seksjonsleiar LAR poliklinikk Åsane, 93894784, [email protected]
    Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, [email protected]

    Arbeidsstad

    Åsamyrane 271
    5131 Nyborg

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 4986216871
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 02.07.2025