Lignende stillinger
Haram kommune søker etter sjukepleiarar i henholdsvis 100% og 80% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. 100% stillinga er for tida langvakter på 12,5 t, med arbeid i turnus og 4. kvar helg. 80%-stillinga er for tida i turnus med arbeid på dag/kveld og 3. kvar helg.
Eidet Omsorgssenter har innført arbeidsmetoden sjukepleiar i stab. Dette er eit samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret. Vi er open for nye arbeidsmetoder og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne lokale. Eidet Omsorgssenter ligger sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.