Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Tannlege vikariat

Loddefjord tannklinikk - Sentrum Tannhelseområde

Loddefjordveien 2, 5171 BERGEN
Vikariat
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi har ledig vikariat i 100% stilling som tannlege i Sentrum tannhelseområde.  Stillinga er ledig frå 01.09.2025 tom 31.08.2026.

 

Arbeidsstad er for tida ved Loddefjord tannklinikk som er ein triveleg og travel tannklinikk ved Vestkanten kjøpesenter. 

Vi har 10 behandlingsrom og eget røntgenrom med OPG. Her jobbar det 7 tannlegar, 3 tannpleiare og 9 tannhelsesekretærar. Tannklinikken er under renovering og utbygging med nyåpning i løpet av august 2025.

Tannklinikken ligg sentralt til ved bussterminal med hyppige bussavgangar.


Kvalifikasjonar

Du må ha norsk autorisasjon som tannlege
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk, evt engelsk
Den som blir tilsett i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar som

- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande
  og meidarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å vere med å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

Løn etter avtale, med ei minsteløn på f.t. kr 640.000.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.  Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Kari Johannesen Sigdestad, klinikkleiar, 93067422
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298

Arbeidsstad

Loddefjordveien 2
5171 Loddefjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4962773584
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.05.2025