Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Klinisk ernæringsfysiolog

Føde og barsel Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 5, 6017 ÅLESUND
Engasjement
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi søker Klinisk ernæringsfysiolog til 60 % engasjement i Pasientsentrert helsetjenesteteam (PSHT) Ålesund. 

Stillinga er f.t lagt under medisinsk avdeling/poliklinikk Ålesund

Tilsetting snarleg etter avtale. Ved intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig. Dette kan inkludere klinisk arbeid i medisinsk og kirurgisk avdeling, med tenester som desse avdelingane tilbyr.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Ernæringsbehandling av pasientar med samansatte problemstillingar
  • Samarbeid om videreutvikling av ernæringstilbodet
  • Deltaking i tverrfaglege team og kompetanseheving
  • Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande
  • Undervisning og rådgjeving av helsepersonell

Som KEF i PSHT vil du:

  • Være med på å utvikle eit spennande prosjektarbeid med fokus på ernæring, der ein tar sikte på å utvikle eit enno betre tverrfaglig tilbod for pasientar som følges opp av teamet.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap
  • Erfaring med ernæringsdokumentasjon
  • Relevant klinisk erfaring
  • Erfaring fra utviklingsarbeid og nyetableringar av pasienttilbod kan være ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg dyktig, engasjert og kunnskapssøkande
  • Du er strukturert, effektiv og sjølvstendig
  • Du er fleksibel og løysingssorientert
  • Du har interesse for koordinering av utviklingsarbeid
  • Du har pågangsmot og gjennomføringsevne
  • Du har god pedagogisk formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
  • Du samarbeider og kommuniserer godt med pasientar, kollegaer og andre faggrupper

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, +47 70105742, [email protected]

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4954236758
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Søknadsfrist: 04.05.2025