Lignende stillinger
Då har vi ei spennande moglegheit for deg. Vi i Riksrevisjonen ser no etter finansielle revisorar som ønskjer å vere med å kontrollere statens rekneskapar. Kontorstad for stillinga er anten Oslo, Hamar, Bergen, Trondheim, Tromsø eller Kristiansand.
Som finansiell revisor i Riksrevisjonen vil du bli del av eit stort fagleg miljø som bidreg til tryggleik for at dei statlege rekneskapane er korrekte og i samsvar med statens rammeverk for finansiell rapportering. Du vil vere med å heve kvaliteten i rekneskapsrapporteringa i staten og på den måten bidra til å bygge tillit mellom staten og borgarane.
Vi er ein raus og ambisiøs arbeidsgivar. Medarbeidarane våre er vår viktigaste ressurs og vi ønskjer å legge til rette for at du skal lykkast hos oss. Du vil lære av mange dyktige og kompetente medarbeidarar og leiarar, i tillegg til at vi har gode ordningar for din kompetanseutvikling. Det første året vil du følgje ei fast kursrekke i tillegg til opplæring i dine arbeidsoppgåver.
Det er ein fordel, men ikkje eit krav at du har:
Det kan bli aktuelt med tryggingsklarering til stillinga på nivå KONFIDENSIELT eller HEMMELEG. Dersom det skulle bli aktuelt, vil oppstart i stillinga først skje når tryggingsklareringa er på plass.
Vi ser etter ein sjølvstendig og initiativrik person som arbeider strukturert, er nøyaktig og oppteken av å sikre leveransar. Du vil ha kontakt med verksemdene du reviderer. Difor er det viktig at du er løysingsorientert og god til å formidle og kommunisere.
Det er mykje spanande utvikling som skjer hos oss. Difor er det viktig at du evnar å tileigne deg ny kunnskap om revisjonsmetodikk og held deg oppdatert på relevante teknologiar. Å samarbeide godt internt og eksternt er viktig for at du skal lukkast. Det er difor viktig for oss at du trivst med dette og evnar å finne gode løysingar på tvers av fagmiljø.
Som eit resultat av ny teknologi er revisjon i stor endring. Riksrevisjonen har utvikla eigne dataanalysar og vil halde fram med å ta i bruk moglegheitene som den nye teknologien gir oss. Du får moglegheita til å jobbe tett med kollegaer i grenseflata mellom teknologi og revisjon.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling og har gode stipendordningar for etter- og vidareutdanning. Du får tilbod om medlemskap i revisorforeininga si kurspakke, Rekomp. Om du ønskjer å bli statsautorisert revisor kan du tene opp den nødvendige rettleia praksisen hos oss. Vi har fleksitid og sommartid, og kvar veke får du ein time til å trene i arbeidstida. Du blir medlem i Statens pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og moglegheit for gunstig bustadlån.
Du vil bli tilsett som rådgivar, årsløn frå 590.000 kroner til 650.000 kroner. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
Høyrest dette interessant ut?
Då håpar vi å høyre frå deg. Du søkjer via vår søknadsportal. Vi er meir opptatt av kva du kan enn kor god du er til å skrive ei søknad og vi ber deg derfor om å laste opp ein utfyllande CV om kva erfaring og kompetanse du har. Last opp utfyllande CV, vitnemål og eventuell anna relevant informasjon. Du må gjerne ta kontakt med oss om du lurer på noko.
Vi er opptatt av å ha ein inkluderande og mangfaldig kultur. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse, erfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn, og/eller hol i CV-en kan du krysse av for dette når du søkjer stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vi vil varsle deg på førehand viss reservasjonen ikkje kan imøtekommast, jf. lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd, § 25.