Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Pasientkoordinator

Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 5, 6017 ÅLESUND
Fast
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vi har ved seksjon for Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund ledige 80% fast stilling som pasient koordinator

Poliklinikk barn og ungdom er ein del av Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert under Klinikk Ålesund. Her får du moglegheita til å jobbe i eit dynamisk og fagleg sterkt miljø, der vi fokuserer på utgreiing, diagnostisering og behandling innan barnemedisin. Vi set pasienten i sentrum og verdset eit godt arbeidsmiljø.

Vårt team består av dedikerte spesialsjukepleiarar, sosionomar og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
startdato for stillinga er 01.01.25

Vi ser fram til å motta din søknad!


Arbeidsoppgåver

  • Administrere ventelister
  • Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, tilvisingar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid
  • Registrering i vårt datasystem HP
  • IKAP prosedyrar
  • Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv
  • Kontroll på styringsinformasjon
  • Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar, eller har anna relevant helsefagleg utdanning/erfaring
  • Erfaring som pasientkoordinator er ønskjeleg
  • Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar
  • Har jobba på sjukehus og har ei forståing for pasientflyten i eit sjukehus
  • Du har gode datakunnskapar
  • Erfaring med Helseplattformen 
  • Du viser gode framstillingsevner, - både munnleg og skriftleg er nødvendig
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk

Personlege eigenskapar

  • Du har god serviceinnstilling til kollegaer, pasientar og pårørande
  • Du er ein engasjert og fleksibel person med godt humør, samt har evne til å stå på
  • Du er strukturert, nøyaktig og har god orden
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner, - også på tvers av faggruppene
  • Positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver
  • Endringsvilleg og likar nye datasystem

Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Hugs å skanne og laste opp attestar og vitnemål som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Ingvill Hareide Rødal, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4893452736
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 17.12.2024