Lignende stillinger
Luranetunet har ledig helgestillling m/arbeid kvar 3. helg som kokk/matkyndig
Om stillinga:
Kjøkkenet på Luranetunet er gjerne ikkje jobben for alle, men den er passande for mange. Jobben er tidvis kompleks og stiller krav til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Av og til går det ikke heilt etter planen og da må plan B fort nyttast. Etterpå kjem du til å kjenna på kjensla av å ha gjennomført eit godt stykke arbeid.
Stillinga er i kjøkenet på Luranetunet og du vil arbeida lørdag og sundag kvar 3. helg. Kjøkenet opna våren 2022, men vi er framleis i ei utprøvingsfase i høve til matomsorga ved Luranetunet. Produksjonskjøkkenet ligg ved Fusa Bu- og behandlingssenter og kjøkenet på Luranetunet tek seg av siste produksjon og varmebehandling før servering.
Du vil være ein del av ei bemanning på to kokkar og to matkyndige.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
Om Luranetunet bu- og behandlingssenter
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, samt ein serviceavdeling som inneheld reinhalds-, vaskeri-, og teknisk avdeling.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Vi tilbyr
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.