Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Har du lyst til å vere ferievikar på  Institusjonane i sommar ? 

Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste

Barstadmarka 2, 6102 VOLDA
Feriejobb
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

I tidsrommet  23 juni - 17 aug kan vi tilby inntil 100 % stilling som ferievikar i avdeling Institusjon. Vi treng vikarar på desse  seksjonane, Selje-/Hasletunet , Pile-/Kleppetunet , Otta-/Karvestova og Korttidsseksjonen  på Volda Omsorgssenter og på Hornindal Omsorgssenter. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på kr 10.000,- per person.

For personar som har arbeidsstad i Hornindal er stipendet kr 20.000,-. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema

https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad om kompetansemidlar til utdanning

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.

Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 


Arbeidsoppgåver

  • Vi søkjer etter ferievikarar retta mot pleie ved sjukeheimsavdelingane ved Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter.
  • Det blir i tillegg søkt etter vikar på vaskeria ved omsorgssentera i delar av ferieperioden

Kvalifikasjonar

  • Vi treng både sjuke-/vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i institusjonstenesta.
  • Ønske om at du har relevant praksis / erfaring
  • Søkjerar må meistre norsk både munnleg og skrifteleg flytande.
  • Det vert stilt krav om politiattest for alle som tek til i  jobb i  kommunal helse- og omsorgsteneste. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 
  • Du må ha gyldig arbeid- og oppholdstillatelse.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ha interesse av å arbeide med mennesker i ulike fasar i livet. 
  • Kunne ta ansvar.
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur.
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig.
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap.
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber også om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 

I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin;

  • Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
  • Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*) 
  • Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
  • Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent

* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.

Tilsettingar vert gjort fortløpande. 

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, [email protected]
Sigrid Saanum, Seksjonsleiar Pile /Kleppetunet, 99228370, [email protected]
Elsebeth Melle, Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , 91130521, [email protected]
Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta-/karvestova, 94139817, [email protected]
Liv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467, [email protected]

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4894668823
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2025