Vi har ledig vikariat som fagkonsulent hos oss.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidsdag, der du bidreg til å styrke tilbodet til ei målgruppe som treng tverrfagleg støtte, god fagkunnskap og tett samarbeid.
Som fagkonsulent vil du vera knytta til Habilitering for Vaksne (HAVO) og jobba med klinisk arbeid retta mot pasientar i habilitering si målgruppe. Avdelinga er organisert under medisinsk klinikk og består av Habilitering barn og unge (HAUBO), Habilitering vaksne (HAVO) og Lærings- og meistringssenteret.
Lokalene våre er for tida lokalisert på Raglamyr.
Habilitering for vaksne har 10 fagstillingar. Målgruppa er menneske med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring. Utfordringane er ofte samansette og krev tett samarbeid innad i spesialisthelsetenesta, mellom fagområde/team i avdelinga og mellom 1. og 2. linjetenesta.
Arbeidskvardagen vekslar mellom pasientmøter på kontoret og ambulant oppfølging ute i kommunane.
Høyres dette ut som noko for deg? Då må håpar vi at du vil søkje stillinga.
Kva går jobben ut på?
- Tiltak og rettleiing knytta til menneske som har medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring
- Arbeid/rettleiing innan atferd som utfordrar og Helse- og omsorgstjenesteloven (HOL) kap. 9
- Rettleiing til personale og kollegaer i aktuelt fagområde
- Støttesamtalar til pasient
- Det kan vere aktuelt å delta i avdelinga si undervisnings- og utviklingsarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Klinisk erfaring med menneske med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring.
- Kompetanse innan systematisk og målretta miljøarbeid
- Kompetanse innan arbeid med vedtak etter HOL kap 9
- Erfaring med bruk av ulike kartleggingsverktøy innen målgruppen
- Utdanningsretning: vernepleier, sosionom, andre utdanningsretningar innan helse, sosial eller pedagogikk er også velkomne til å søkje
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg.
- Sertifikat for personbil (helseføretaket har eigne bilar til ambulant verksemd).
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Me ser etter deg som:
- set pris på godt samarbeid mellom kollegaer
- er god til å tilpassa deg nye arbeidsmåtar og oppgåve
- tek ansvar og jobbar godt på eiga hand
- er opptatt av å halde deg oppdatert i henhold til nasjonale, regionale og lokale retningslinjer, prosedyrer og veiledere
Personlege eigenskapar vektlegjast i rekrutteringa
Kvifor skal du velje oss?
- Du får ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt tverrfagleg miljø, der fagleg utvikling og trivsel står i fokus.
- Her vil du sjølv kunne medverke til utvikling av stillinga
- Vi har eit godt fagmiljø, der mellom anna tett samarbeid med ulike faggrupper står sentralt. Vi trur at vårt fagmiljø vil opplevas inspirerande for den som vert tilsett.
- Fleksitidsordning.
- Vi tilbyr ei pensjonsordning med gode vilkår
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Marian Yrke, Funksjonsleiar HAVO, 90545974,
[email protected]
Kari Anne Brynjelsen, Avdelingsleiar, 90109185,
[email protected]
Arbeidsstad
Longhammarvegen 36
5536 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4959361806
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 30.06.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 15.05.2025