Lignende stillinger
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane: (Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i namnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa)
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Vi utfører årleg om lag 8,5 millionar analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Arbeidet varierer frå store automatiserte instrument med store prøvemengder til manuelle metodar med få og tidkrevande analysar. Avdelinga har ledig stilling som autorisert helsesekretær med varierte arbeidsoppgaver. Stillinga passar for deg som har erfaring i blodprøvetaking, som trivst med pasientkontakt og er opptatt av kvalitet. Vi søker deg som er ein lagspelar, og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss - personleg egnethet vil bli vektlagt.
Kontakt: Nina Marie Namtvedt, Tlf. 55977829 eller Mia Helen Hansen Hjelle, Tlf. 55973239.
Kreftklinikken er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Vestland og Rogaland). Vi søker helsesekretær som tar ansvar i kvardagen og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer. Du møter menneske i krevande situasjonar med tryggleik og respekt, jobbar strukturert og kommuniserer tydeleg. Vi ser etter deg som bidrar til ein ryddig og effektiv arbeidsdag, tar ting på strak arm og sprer godt humør i teamet – personleg egnethet vil bli vektlagt.
Kontakt: Nina Kolrud Høsteland, Tlf. 55972969.
Akuttmottak tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse. Stillinga har dagarbeid. I Akuttmottak vil du arbeide tett med einingsleiar og ass. einingsleiarar og vere bindeledd mellom dei tilsette og lønnsseksjonen, vere ansvarleg for dag til dag styring og bruke arbeidsverktøyet GAT og for lønnsskøyring, registrering av fråvære og permisjonar, du vil jobbe med endringsmeldingar og arbeidsavtalar og vere ansvarleg for søknadar og tilretteleggingstilskot til NAV
Kontakt: Robert Nekkøy, Tlf. 55972526.
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ivaretar barn og unge med akutte og kroniske sjukdommar til dei er 18 år. BUK er regionsjukehus på Vestlandet og er leiande i behandling av barnesjukdommar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling, og ivaretar både lokale, regionale og nasjonale oppgåver innanfor pediatri.
Vi har for tiden 2 delt turnus.
Kontakt: Sissel Iversen, Tlf. 40833399
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.