Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Avdelingssjukepleiar

Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen HF

Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad
Urologisk avdeling er ei spennande kirurgisk avdeling med høg aktivitet og høg kompetanse. Avdelinga har m.a. regionalt ansvar for avansert kirurgisk kreftbehandling i urinvegane og i mannlege kjønnsorgan. Avdelinga deler sengepost med Bryst- og endokrinkirurgisk avdeling. Sengeposten du skal leie har 26 senger og har ca. 2500 døgnpasientar (ca. 2300 urologiske og 800 bryst- og endokrinkirurgiske). Som leiar er du difor ansvarleg for å utvikle sjukepleiekompetansen ved to fagfelt.

Er du opptatt av å gje kirurgiske pasientar god sjukepleiefagleg pleie, utvikle sjukepleiarane sin faglege kompetanse og samtidig har teft for å drifte ei avdeling med stort økonomiansvar? Ja, då kan det vere akkurat deg vi ser etter.

Som avdelingssjukepleiar ved Kirurgisk klinikk, post 2, vil du jobbe tett saman med avdelingssjukepleiar for urologisk poliklinikk. Du vil ha ein assisterande avdelingssjukepleiar og 2 x 50 % fagsjukepleiarstillingar i eigen sengepost. Du rapporterer til avdelingssjef for Urologisk avdeling.

Kirurgisk klinikk, post 2, er ein av fem sengepostar i Kirurgisk klinikk. I vår klinikk samarbeider avdelingssjukepleiarane tett og har felles mål og plan for utvikling av sjukepleietenesta. Vi ser difor etter ein som kan utvikle si eiga avdeling i tillegg til å delta aktivt i utviklinga av Kirurgisk klinikk. Fagfelt i klinikken: gastro, plastikk-/brannskade, urologi, bryst- og endokrin og karkirurgi.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta av avdelinga
  • Personalansvar; inkludert oppfølging og tilrettelegging for tilsette
  • Utarbeide turnus, utvikle og fordele dei tilsette sin kompetanse
  • Rekruttere og halde på personale med rett kompetanse
  • Ansvar for budsjett og rekneskap
  • Medansvar for organisasjonsutvikling
  • Bidra til samarbeid med andre avdelingar/yrkesgrupper
  • Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det blir lagt vekt på leiarerfaring, og leiarutdanning er ein fordel
  • Erfaring frå urologisk og/eller bryst-endokrinkirurgisk sengepost er ønskeleg
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar der søkar er spesielt skikka for stillinga

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide sjølvstendig
  • Må vere i stand til å ta avgjerder, vere fleksibel og kunne vise handlekraft
  • Vi forutset at du har god samarbeidsevne og kan gjere medarbeidarane gode
  • Du viser ansvar: du gjer det du seier du skal gjere og opptrer profesjonelt i arbeidet ditt
  • Du viser openheit: du deler kunnskap og du gjer deg tilgjengeleg

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Ein spennande og utfordrande arbeidsplass
  • Eit godt samarbeidsklima med andre leiarkollegaer i klinikken
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Christian Beisland, Avdelingssjef, 47301005

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4950942083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025