I digitaliseringsseksjonen jobbar vi for å løyse oppgåver på betre måtar. Vi søkjer deg som brenn for å skape dei beste brukaropplevingane med hjelp av digitale verktøy. Som tilsett i digitaliseringsseksjonen vil du jobbe saman med brukarar i alle avdelingar og seksjonar på ulike prosjekt. Rolla vil vere å delta og lede ulike aktivitetar med mål om å skape heilskaplege tenester.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, dokumentasjon og forbetring av arbeidsprosessar
- Utvikling ved hjelp av lavkode i Microsoft Power Platform (lowcode, nocode)
- Drift og vedlikehold av RPA-løysingar (Microsoft, BluePrism)
- Oppsett og bruk av ulike språkmodellar
- Andre utviklingsoppgåver knytt til satsing på kunstig intelligens
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i økonomi og administrasjon eller andre relevante fagområde
- Erfaring med low-code utvikling i Microsoft Power Platform
- Kompetanse innen oppsett og bruk av språkmodeller (kunstig intelligens)
- Kjennskap til drift og vedlikehold av RPA-løysingar
- Kunnskap om gevinstrealisering i offentlig sektor
- Du må kunne kommunisere og skrive godt på norsk
Personlege eigenskapar
- Evne til å kommunisere på ein forståelig måte for ulike målgrupper
- Evne til å analysere og forstå komplekse utfordringar og finne gode løysingar
- Initiativrik og samarbeidsorientert
Vi tilbyr
- Stillingsnemning rådgjevar
- Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings-og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Dyktige kollegaer med stort engasjement
- Varierte arbeidsdagar med ulike oppgåver og utfordringar
- Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Tom Sølve Myklebust, seksjonssjef, 41530977
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4954704785
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.05.2025