Lignende stillinger
Ortopedisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig 100% stilling som LIS3 i seks månader med betydelig redusert vaktbelastning. Oppstart snarast/etter nærare avtale. Vikariat med moglegheit for forlenging.
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde, Sunnfjord kommune. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg like i nærleiken. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune.
Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid.
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.
Ved Lærdal sjukehus føregår det i all hovudsak elektiv ortopedi. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:
Avdelinga i Førde har frå før sju LIS3 stillingar og seks LIS1 stillingar. Vi har sju-døgns post i Førde og fem-døgns post i Lærdal.
Les meir om Helse Førde HF.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.