Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Bli med å utvikle Helse Vest IKT si private sky i Datasenter-teamet!

Integrasjonsplattform, Helse Vest IKT

Bjørnsons gate 29, 5052 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Helse Vest IKT sit med eit av dei mest komplekse IT-puslespela i Noreg, og har ansvar for å sikre helsedata for spesialitshelsetenesta i Helse Vest.

Å ha backup av helsedata er livsviktig, og vi treng no ein entusiastisk og dyktig kollega i vårt datasenter-team.

Teamet set kunnskapsdeling høgt, og ønsker at alle skal bidra med kunnskap og drift av løysingar. Vi ser etter deg som er interessert i backup og lagring (SAN/Blokk-lagring). Teamet ligg i tenesteområdet Privat sky, og stillinga høyrer til seksjonen Server og lagring. Tenesteområdet har ansvar for alt av on-prem-løysingar og består av fleire ulike plattform-team, som arbeider med alt frå innhald i datahallar til konteinarar. I teamet vil du ha åtte kollegaer i både Bergen og Førde, men dei fleste av oss sit i Bergen. Vi er ansvarlege for alt fysisk utstyr og datahallar over heile Vestlandet.

Ein del av samarbeidet går digitalt via Teams, men vi har òg nye, fine kontorlokale i Kronstad X i Bergen, som gir grunnlag for godt samarbeid og kollegialitet. Teamet tek seg av fysiske serverar og datasenternett, lagring (både blokk og fil) og backup. Vi er den grunnleggande berebjelken for IT i spesialisthelsetenesta på Vestlandet.  

Hos oss vil du kunne utvikle deg personleg og fagleg, og jobbe med spennande oppgåver i ein av dei største og mest komplekse IT-infrastrukturane i Noreg.
Produkta vi brukar er frå øvste hylle.


Arbeidsstad er i Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Drift og vidareutvikling av backupsystemet (Rubrik)
  • Brukarstøtte på backup/Rubrik til andre delar av Helse Vest IKT
  • Scripting og automasjon
  • Delta i dagleg drift av SAN
  • Kontinuerleg oppfølging og forbetring av IKT-sikkerheit
  • Kunnskapsdeling (GitOps)
  • Endringshandtering (ITIL) og preventivt vedlikehald

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i IKT eller IT, eller teknisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Flytande norsk, munnleg og skriftleg, er eit krav for denne stillinga
  • Søkjaren må kunne tilgangsklarerast jf. Verksemdsføreskrifta §69. https://lovdata.no/forskrift/2018-12-20-2053/§69

I denne stillinga er det ein fordel om du har erfaring med:

  • Linux, kommandolinje, scripting o.l.
  • Drift i større miljø
  • Drift av backupsystem

Personlege eigenskapar

  • Du er ikkje er redd for å utveksle idéane dine
  • Du deler kompetansen din med dei du jobbar med
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre
  • Du tek i eit tak der du ser behovet
  • Du fangar opp behov utover eige team, og kan ta på deg oppdrag frå andre i produktområdet 

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.

  • Spennande arbeidsoppgåver innanfor moderne teknologi, og produkt frå "øvste hylle".
  • Smidig tankesett, arbeidsmetodikk og produktorganisering.
  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
  • Gode kurs- og konferansemoglegheiter.
  • Moglegheit for medlemskap i bedriftsidrettslag.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
  • Lunsjpause er inkludert i arbeidstida.
  • Nye, gode kontorlokale på Kronstad X med eiga kantine.
  • Fleksible arbeidsordningar, med blant anna fleksitid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Pensjonen er ytingsbasert og varar livet ut.
  • Løn etter avtale.
  • Overtidskompensasjon.
  • Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
  • Moglegheit for telefon og breibandstøtte.

Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.  

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Ivan Dyb Holmedal, Ass. Seksjonsleiar, 90 60 22 28
Anders Fredrikson, Seksjonsleiar, +47 93 24 96 85

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4847369419
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024