Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Ferievikarar sommaren 2025

Interkommunale helsetenester, Stad kommune

STADLANDET, 6750 STAD
Feriejobb
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Stad kommune søkjer etter ferievikarar i helse og omsorg for sommaren 2025!

Vi søkjer etter deg som har lyst på ein meiningsfull sommarjobb i Stad kommune i perioden juni – august 2025.

Kanskje du har erfaring frå arbeid innan helse, er under helse- og sosialfagleg utdanning, eller lurer på om dette yrket er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi ber deg spesifisere i søknaden når i perioden du kan arbeide, og om du har særskilt ønskje om arbeidsstad.
Viss du er under relevant utdanning er det fint at du spesifiserer kva fagretning du studerer, og kor langt du er kome. Du er også velkomen til å søkje om du studerer andre fag.

Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og kjekk sommarjobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til å tileigne deg kunnskap og erfaring om helse- og omsorgsfaget.

Under finn du ei oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb, og kvar i kommunen dei er plassert.
Du finn også meir utfyllande informasjon her: Tenestemagasin 2023


Oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb

  • Institusjonane og institusjonskjøken
    Hogatunet, Nordfjordeid
    Seljetunet, Selje

  • Heimetenesta 
    Nordfjordeid
    Selje/Stadlandet

  • Bu- og miljøtenesta

    Avdeling indre
    Myroldhaug/Gjerdane, psykisk helse og rus
    Myroldhaug, teneste for funksjonshemma
    Elvebøen, teneste for funksjonshemma
    Barneavlastning
    Psykisk helseteam og uteteam

    Avdeling ytre
    Triveli, teneste for funksjonshemma
    Reidahauen, teneste for funksjonshemma
    Kvia, psykisk helse og rus
     
    Lærings- og aktivitetssenter
    LA-senter, Nordfjordeid
    Hove, Selje
    Vår sin butikk, Stadlandet

Arbeidsoppgåver

  • Ferievikarane skal utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse. God opplæring vil bli gitt. 
  • Du inngår i turnus og arbeider saman med fast tilsette

Kvalifikasjoner

  • Du bør helst vere fylt 18 år
  • For arbeid i Heimetenesta må du som hovudregel ha sertifikat og kunne disponere bil
  • Du må levere politiattest før start i stillinga

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ferievikarar som er nøyaktige, motiverte og som viser respekt
  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
  • Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og tek initiativ
  • Du forstår betydninga av teieplikt om helseopplysningar og anna sensitiv informasjon

 

Vi tilbyr løn etter tariff og lokale avtaler. 
Dersom du er under høgare utdanning innan relevant fagområde får du høgare løn. Du må dokumentere utdanning og kor langt du er kome i utdanninga.

Viss du har spørsmål kan du ta kontakt med leiarar i dei ulike einingane.

Kontaktinformasjon

Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48 04 52 10, [email protected]
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97 72 31 46, [email protected]
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, [email protected]

Arbeidsstad


6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4922942896
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 02.03.2025