Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Øyane Helsehamn søkjer fastlegar/ALIS (fastlønn eller næringsdrift) 

Bømlo kommune

Svortlandsvegen 119, 5430 BØMLO
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Øyane Helsehamn, eit nytt stort legekontor med 11 legar, opna dørane 31.01.25. Her er det ei fin blanding av næringsdrivande og fastlønna legar. Me søkjer no etter to nye fastlegar til Øyane Helsehamn. Dei ledige fastlegelistene er på ca. 850  pasientar med moglegheit for utviding. 

Me tilbyr gode vilkår for både næringsdrivande og fastlønna legar uavhengig av om du er spesialist eller i eit ALIS-forløp. Du bestemmer sjølv kva tilsetjingsform du ynskjer. Totalt er det tre legekontor i kommunen og alle er kommunalt drifta. Me nyttar Infodoc journalsystem. 

Oppstart etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova.
  • Kommunal bistilling i inntil 20% av stillinga. 
  • Arbeid ved Sunnhordland Interkommunale legevakt med omlag 3 vakter pr. månad. 
  • Forventning om at ikkje-spesialist går gjennom strukturert utdanningsløp for å bli spesialist i allmennmedisin.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B, og disponering av eigen bil.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt i vurderinga. Me ynskjer at du: 

  • Har gode relasjons- og kommunikasjonsevner og samarbeidar godt med både pasientar og kollegaer.
  • Er sjølvstendig og har evne til å arbeide strukturert og vere løysingsorientert.
  • Har god arbeidskapasitet, er fleksibel og tilpasningsdyktig i møte med ulike situasjonar og utfordringar.
  • Er påliteleg, positiv og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.

    Me tilbyr

    • Spanande og varierte arbeidskvardagar i eit miljø med fokus på høg fagleg kvalitet. 
    • ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin.
    • Løn og andre vilkår etter avtale. 
      • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

      Andre opplysingar

      • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato.
      • Ein må oppgje HPR-nr. i søknad.
      • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

      Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og eventuelle attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. 

      Dersom du har spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt med fagansvarleg lege Kristine Borgemyr.

      Kontaktinformasjon

      Kristine Borgemyr, Fagansvarleg lege, 99380384, [email protected]

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Bømlo kommune

      Referansenr.: 4949367860
      Stillingsprosent: 100%
      Fast
      Søknadsfrist: 13.05.2025