Lignende stillinger
Flyhistorisk Museum Sola og Torpedoverkstedet søker deg som liker å vera vertskap og formidle.
Arbeidstid: Sundagar (ca 5 timar) i sesongen juni - november, og tysdag - sundag i skuleferien.
Jobben kan passe for studentar, vidaregåande elevar eller andre interesserte.
Gjennom eit besøk på Flyhistorisk Museum Sola får du innblikk i luftfarten si fantastiske utvikling, med vekt på lokal flyhistorie frå Stavanger Lufthavn si lange og innhaldsrike historie. Over 30 historiske fly og andre gjenstandar er stilt ut i den autentiske hangaren frå andre verdskrig. Ny utstillingshall skal vise ulike jagarfly og historier knytt til desse flya.
I Torpedoverkstedet vert ulike personhistorier frå andre verdskrig formidla.
Ny foajé med resepsjon, kafé og butikk er under bygging.
Alle vertar må levere godkjent politiattest ved tilsetting.
Me vil gi jenter ei ekstra oppfordring om å søke.
Lars H Aalgaard Kingsrød, driftskoordinator
Telefon 96 64 79 99
E-post: [email protected]