Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Einingsleiar

Helse Bergen HF

Solheimsgaten 13, 5058 BERGEN
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Eining for behandlingshjelpemiddel har ansvar for utlån og forvalting av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling. 

Eininga er organisert med to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ei felles eining - BHM. Eininga har 37 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift. 

Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd. 

Du kan lese meir om oss:  https://www.helse-bergen.no/avdelinger/driftteknisk-divisjon/medisinsk-teknisk-avdeling/behandlingshjelpemiddel/


Arbeidsoppgåver

  • Sikre kvaliteten på tenestene i heile eininga
  • Sikre at eininga drivast effektivt, og i tråd med lovar, reglar og målsettingar
  • Personalansvar for stab og seksjonsleiarar
  • Fagleg oppfølging ved eininga
  • Økonomiansvar, budsjett og ressursstyring
  • Strategisk leiing av eininga. Utvikling, samarbeid og prosjekt
  • Overordna HMS-ansvar ved BHM
  • Delta i leiargruppa ved avdelinga (Medisinsk-teknisk avdeling)
  • Ansvar for brukarorientering og pasientkontakt
  • Sørge for god kommunikasjon med klinikkar, leverandørar og andre interessentar
  • Du må rekne med å reise en del på regionale og nasjonale forum for samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå
  • Må ha leiarerfaring med personalansvar
  • Det er ein fordel med erfaring frå personaladministrative system
  • Må ha gode datakunnskapar, og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema som vi nyttar
  • Det er ein fordel med kunnskap om og erfaring med heimebehandling eller liknande fagfelt

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til god kommunikasjon. Tydeleg både munnleg og skriftleg
  • Du har god fagleg vurderingsevne og er allsidig i kunnskapen din
  • Du evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Du er resultat- og løysingsorientert med god evne til gjennomføring
  • Du har ei strukturert og systematisk arbeidsform 
  • Du er serviceinnstilt - du ønsker å utvikle tenesta i tråd med behova i framtidas helseteneste
  • Du er fleksibel og evner raskt å ta på deg nye oppgåver 

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spanande stilling ved eit av dei største sjukehusa i Noreg
  • Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå, alder og profesjon (fag)
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Pensjon og forsikringsvilkår i KLP
  • Lønn etter avtale 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kjell Grøndahl, Avdelingsleiar, 55974860, [email protected]

Arbeidsstad

Solheimsgaten 13
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4874491638
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2024