Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Assisterande rektor

Valle skule

Skulevegen 1, 6260 ÅLESUND
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Valle skule lyser ut 100 % fast stilling som assisterande rektor, frå 01.08.25.

Stillinga er kombinert med omlag 80 % leiing og 20 % undervisning/vikar. Det er å pårekne at IKT oppgåver blir ein viktig del av stillinga.

Assisterende rektor skal ilag med rektor leie skulen på ein forsvarleg, faglig og pedagogisk måte i henhold til driftsavtale, lovverk og leiaravtale. Assisterande rektor, SFO leiar og rektor utgjer leiargruppa ved Valle skule/ SFO.

Valle skule vil ha omlag 112 elevar hausten 2025, der 45 av desse har plass på SFO. Valle skule er fulldelt, 7.trinn, med 11 - 20 elevar pr. trinn. Skulen ligg på Valle, i tidlegare Skodje kommune, med både fjord og fjell som næraste naboar.

Arbeidsoppgåver

  • Står for den daglege drifta av eininga ilag med rektor og SFO leiar.
  • Pedagogisk leiing og utviklingsarbeid.
  • Organisasjonsutvikling
  • Timeplanleggjing
  • Vikaransvar
  • Bindeledd mellom teama og leiinga.
  • Økonomi, ressursar, budsjettering  i samarbeid med rektor.
  • IKT ansvar. Bidra til å utvikle skulen sitt digitale læringsmiljø og støtte både dei tilsette og elevane i bruk av IKT/ digitale verkty..
  • Oppfølging av personalet.
  • Oppfølging av elevsaker.
  • Samarbeide med spes.ped.ansvarleg.
  • Samarbeid med eksterne tjenester.
  • HMS-arbeid, bygning, brannvern.
  • Samarbeide med FAU
  • Kartleggingar, undersøkelser og rapporteringer.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning.
  • Det er ønskjeleg med godkjend eller påbegynt utdanning i skuleleiing.
  • Ønskjeleg med erfaring frå skuleleiing.
  • Det er ønskjeleg at søkjaren har  god digital kompetanse, interesse for å utvikle skolen digitalt, og kjennskap til bruk av IPad, PC, programvarer, lisensar, IST, digitale tavler, KI  m.m.
  • Kjennskap til og erfaring med kommunale styringsverkty og datasystem, spes. Visma, IST, Acos websak.
  • Kunnskap om lovverk knytt opp mot drift av skule.
  • Erfaring med endringsprosesser og utviklingsarbeid.
  • God på struktur, planlegging og problemløysing.
  • Gode relasjons- og samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar

  • Skal du jobbe på Valle skule skal du ha eit positivt menneskesyn og vere god på å bygge relasjonar med både barn og vaksne.
  • Du må ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må vere lojal, ansvarsfull, fleksibel og engasjert.
  • Du må vere fagleg oppdatert, og vere nyskjerrig på utvikling av skulen.
  • Du må vere ein leiar som utviser tillit og tydelighet når det trengst, og ha empati og vise at du bryr deg om andre.
  • Du har evne til å skape ein kollektiv kultur der alle bidrar
  • Personlege eigenskapar/ egnethet vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit svært godt arbeidsmiljø
  • Stabilt, positivt og engasjert personale.
  • 112 kjekke elevar.
  • Ein flott skule, i ei flott bygd i ei flott kommune.
  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Håvard Valderhaug, Rektor, +47 99748995

Arbeidsstad

Skulevegen 1
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4973032809
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2025