Lignende stillinger
Arbeidskonsulent - arbeidsretta rehabilitering
100% vikariat fram til 31.12.25 med moglegheit for forlenging
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at deltakarar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får oppretthalden og styrkt arbeidsdeltaking og auka livskvalitet gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
AiR leverer også andre tenester til kommunar og verksemder som treng bistand knytt til forebygging og oppfølging av sjukefråvær, der arbeidskonsulent er ei viktig rolle.
Me ser etter desse kvalifikasjonane::
Kompetanse innan pedagogisk/sosialfagleg/helsefagleg retning på bachelor nivå
Ynskeleg med erfaring frå arbeidsretta rehabilitering, arbeid i Nav - spesielt frå oppfylging og med kjennskap til tiltak og verkemiddel, arbeids- og inkluderingsbedrift, karriereveiledning eller liknande
God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
Kunnskap om faktorar for betydning av funksjon i arbeidslivet
Evne og lyst til undervising og interesse for prosessarbeid
God skriftleg framstillingsevne og digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
Dialog med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
Gjennomføring av kartleggings- og vurderingssamtaler
Kontaktperson med ansvar for individuell oppfylging
Individuell arbeidsretta rettleiing
Undervising av deltakarar i grupper
Arbeid med planar og epikrise for deltakarar
Tverrfagleg arbeid i team
Det kan også bli aktuelt å bidra i arbeidet med å levere tenester til kommunar og verksemder.
Me tilbyr:
Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs og liknande
Jobb i eit solid kompetansemiljø med ulike faggrupper
Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
Hjelp til å skaffe møblert bustad
Søknadsfrist 09.06.2025
For meir informasjon, kontakt fagleg rådgjevar arbeid Hilde Rinden, tlf 906 16 659 eller leiar klinikk Siri Mørch, tlf 474 63 408.
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/