Lignende stillinger
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal i løpet av hausten 2025 ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Skulen treng tilkallingsvikarar på følgjande fagområde:
Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Er du en dyktig og engasjert person med kompetanse innan informasjonsteknologi og medieproduksjon? Stord vidaregåande skule søkjer etter tilkallingsvikarar. Me ser både etter deg som står i arbeid no, men har ledig kapasitet, og pensjonistar eller studentar. Behovet varierer, men arbeidet vil handla om å bidra til progresjon i faget ved fråvær.
Framandspråk:
Det er behov for tilkallingsvikarar i faga spansk og tysk. Kan du undervisa i desse faga og har ledig kapasitet, høyrer me gjerne i frå deg. Me ser både etter deg som står i arbeid no, men har ledig kapasitet, og pensjonistar eller studentar. Behovet varierer, men arbeidet vil handla om å bidra til progresjon i faget ved fråvær.