Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Undervisningsstilling faga spansk, kunst og handverk og engelsk  - vikariat - Rossland skule

Alver kommune

Skintveitvegen 11, 5917 ALVER
Vikariat
Offentlig
Deltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga / skulen

Ledig vikariat.  01.08. - 31.12.2025  med moglegheit for forlenging

Undervisning i faga spansk, kunst og handverk, engelsk .

Om ikkje ein ikkje har spansk, kan stillinga tilpassast stillinga til engelsk og kunst og handverk, om lag 70 prosent stilling.

Rossland skule er ein fantastisk stad å jobbe! Den ligg på Rossland, berre 20 minutt frå Knarvik, og tilbyr eitinkluderande og engasjerande læringsmiljø. Med omlag 227 elevar og 50 dedikerte tilsette, er vi opptatt av ågje den beste utdanninga og omsorga til elevane våre. I tillegg har skulen ein populær skulefritidsordning medomlag 42 barn og 7 tilsette!

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du få moglegheita til å utøve verdas beste og viktigaste jobb - undervisning!

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.

Kvalifikasjonskrav

Det er ønskjeleg med kompetanse for å undervise i spansk, kunst og handverk og engelsk eller tilsvarande kompetanse. Gjerne med erfaring frå undervisning.

Ønskt kompetanse
Vi søkjer lærarar som:

  • Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
  • Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
  • Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
  • Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
  • Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar.
  • Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
  • Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte

Alver kommune har nynorsk som målform. Søkar må grunnleggande ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede

Vi tilbyr

Som ein del av vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.

Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.

Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!