Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Fagarbeidar-100% fast

Rauland barnehage, Vinje kommune

Raulandsvegen 1747, 3864 VINJE
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Har du lyst til å bli vår nye kvardagshelt? Set du barna fyrst og er glad i å vera ute? Då er du den me ser etter!

Visjonen vår er: Saman om ein god barndom – det er dei vaksne det kjem an på. 


Arbeidsoppgåver

  • Delta i barna sin leik og aktivitet, ute og inne.
  • Vere medansvarleg for barna sin heilskaplege trivsel og utvikling.
  • Delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdeling.
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna.
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen.
  • Bidra til godt samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til at barnehagen har godt omdømme.
  • Eventuelt vere rettleiar for lærling, etter avtale med leiar.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Anna relevant utdanning som passar til barnehage kan bli vurdert.
  • Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanning om me ikkje får fagutdanna.
  • God munnleg og skriftleg kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og tek initiativ.
  • Du er fleksibel og finn løysingar.
  • Du kommuniserer godt med barn, kollegaer, føresette og andre samarbeidspartar.
  • Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute.
  • Du må trivast i ein hektisk kvardag.
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er nysgjerrig og undrande saman med barna

Me tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Løn etter lokal lønstabell.
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
  • Eigen matfagansvarleg. 
  • Fagleg sterke tilsette med fokus på kvalitet, kjærleik for faget, og masse humor.
  • Kompetanseutvikling og kurs.
  • Varierte og spennande utfordringar.
  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
  • Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.

    I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
    I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

    Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

    Kontaktinformasjon

    Heidi Rønningen, Verksemdsleiar Rauland barnehage, +47 90646483

    Arbeidsstad

    Raulandsvegen 1747
    3864 Rauland

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vinje kommune

    Referansenr.: 4964388371
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 31.05.2025