Lignende stillinger
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent helsefagarbeidar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Det vert no lyst ut 80% x 2 fast stilling for helsefagarbeidar i heimetenesta. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig.
Stillinga er ledig frå 02.12.2024 og 03.02.2025
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.