Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

SFO-leiar - 100 % fast

Alver kommune

Veråsvegen 25, 5955 ALVER
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Om stillinga

Ved Lindås barneskule er det ledig stilling som SFO- leiar frå 1. august 2025.

Skulefritidsordninga skal vere eit tilbod kor barna møter leik, kultur og fritidsaktivitetar, i tillegg til at dei får god omsorg og tilsyn før og etter skuletid.

Det er tillagt administrasjonstid til stillinga. Stillinga er ei arbeidsleiarstilling og er ein kombinasjon av utøvande arbeid i skule og SFO slik at tilsetjinga til saman vert 100 % stilling.

Me søkjer ein person med pedagogisk utdanning, eller anna relevant erfaring og utdanning, som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel.

Du må vere motivert for å leie og følgje opp barn og tilsette i forhold til sosial og fagleg læring i SFO.

Skulen vår har eit levande miljø med 270 elevar fordelt på 7 trinn. Vi har eit team på 25 pedagogar i tillegg til dyktige fagfolk, SFO-medarbeidarar, leiing og administrasjon knytt til skulen. Skuleanlegget vårt har gjennomgått fleire oppgraderingar og framstår i dag som moderne, driftssikkert og funksjonelt.


Om oss

  • Fyll inn informasjon om avdelinga her

Arbeidsoppgåver

  • det daglege ansvaret for å leie og administrere SFO, påmelding, brukarlister, vaktlister, aktivitetsplanar m.m.
  • utarbeide årsplanar og vekeplanar med mål og innhald for SFO- tida
  • sikre at SFO- tilbodet er i tråd med Opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og planar som gjeld vere ein del av skulen sitt leiarteam
  • ha ansvar for personalmøte og andre møte med tilsette og heimane
  • leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen
  • leie SFO- tilbodet som eit fritidstilbod som vert sett i heilskap med skulen si verksemd ansvar for vikarhenting ved fråvær i SFO- tida

Kvalifikasjonskrav 

  • pedagogisk utdanning på bachelornivå eller anna relevant utdanning
  • fordel med tidlegare erfaring frå SFO- drift, skule, eller anna pedagogisk verksemd
  • må handtere bruk av ulike dataprogram i forhold til sakshandsaming, planarbeid m.m.
  • ønskjeleg med administrativ erfaring og erfaring som arbeidsleiar
  • utdanning/erfaring i forhold til elevar med spesielle behov.

Kven er du?

Vi søkjer ein SFO- leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO- ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.


Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du kan trivast og utvikle deg.
  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange.
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel.
  • Løn etter avtale, basert på dine kvalifikasjonar.
  • Pensjonsordning gjennom KLP (Kommunal Landspensjonskasse).
  • Gode arbeidsvilkår i tråd med lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede