Lignende stillinger
Avdeling Oreteigen på Gloppen omsorgssenter treng fleire tilsette i helgar.
Stillingsprosent 14% - 20 %, med arbeid anna kvar eller tredje kvar helg.
Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande.
På Oreteigen bur det 28 personar i omsorgsbustader med bemanning gjennom heile døgnet.
Det er ikkje krav til fagutdanning i stillingane, det vil bli gitt god opplæring i avdelinga.
Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan medverke til eit godt arbeidsmiljø og som er opptatt av at pasientane kjenner tryggleik, respekt, trivsel og ivaretaking av eigne behov. Du må kunne vise omsorg, empati og respekt. Vi er opptekne av god kvalitet på tenestene og er stolte av arbeidsplassen vår. Den som blir tilsett må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og må trivast med å jobbe i eit hektisk miljø med utfordrande arbeidsoppgåver.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.