Lignende stillinger
Vi ser etter deg som har ønske om å jobbe i skjæringspunktet biomangfold og matproduksjon. Konkret søkjar vi deg som har kompetanse på pollinerande insekt og økosystemtenestene dei bidrar med landbruket. Vi ser at det er eit potensiale for både praktisk og teoretisk orienterte forskingsprosjekt (Fou-prosjekt) og oppdrag innan lanbrukspollinering i Noreg og vi ønskjer derfor å styrkje det eksisterande fagmiljøet vårt innan denne tematikken.
Vi søkjer derfor ein som kan vidareutvikle dette fagfeltet i samarbeid med næringsliv og forvaltning og derigjennom bidra til auka matproduksjon og betre forvaltning av kulturlandskapets biomangfold.
Arbeidsstad er på Ås, men det er forventa at ein også bidrar med feltarbeid andre stadar i landet.
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som forskar kode 1109, årsløn kr 615.000 - 750.000. Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.
Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO
CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
I staden for søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
. Video: https://youtu.be/6mZySoUgD2QVi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.