Vi søkjer eigedomssjef i Ulstein kommune
Er du ein framoverlent leiar med teknisk innsikt og sans for gode relasjonar? Har du erfaring frå eigedomsforvaltning og lyst til å ta ansvar for utvikling av ein spennande eigedomsportefølje? Då er dette moglegheita du har venta på!
Ulstein kommune søkjer ein engasjert og fagleg dyktig eigedomssjef som vil spele ei sentral rolle i utviklinga av kommunen sine eigedomar.
Arbeidsoppgåver
Som eigedomssjef får du
- overordna ansvar for eigedomsforvaltning i kommunen, inkludert økonomisk, teknisk og strategisk oppfølging
- ansvar for å leie og utvikle eit kompetent team innan eigedomsforvaltning
- ansvar for å planlegge og gjennomføre nye byggeprosjekt, vedlikehald og andre utviklingsprosjekt
- ansvar for forhandling og administrasjon av leigeavtalar og oppfølging av bustadsosialt arbeid
- ansvar for oppfølging av brukarar og samarbeidspartnarar for å sikre gode relasjonar og høg brukartilfredsheit
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- relevant høgare utdanning, gjerne innan eigedomsfag, økonomi, jus eller tekniske fag
- erfaring innan eigedomsforvaltning eller liknande
- god kjennskap til økonomisk styring, tekniske vurderingar og juridiske rammeverk
- gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk)
- leiarerfaring
- kompetanse innan offentleg forvaltning, offentlege innkjøpsreglar og forsikring
Personlege eigenskapar
Du er
- proaktiv, positiv og resultatorientert
- ein relasjonsbyggjar som trivst med å jobbe med menneske og løyse utfordringar
- strukturert og målretta, med evne til å sjå heilskapen i komplekse prosjekt.
Vi tilbyr
- ei spennande stilling i ein dynamisk og utviklingsorientert kommune.
- moglegheit til å påverke og utvikle kommunen sine eigedomar
- konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.
- eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på utvikling, samhald og innovasjon.
Kontaktinformasjon
Jarl Martin Møller, Kommunedirektør, +47 97506761
Kari Riise, Personalleiar, 99268701,
[email protected]
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 4891379031
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025